Page 256 - Blokken og Djupfjord
P. 256

Ann Elise Strøm (1943–2010), Djup- fjord, gjorde under sin utdanning ved Lærerhøgskolen på Nesna, en nedteg- ning av stadnavna i Blokkenbygda. Vi tar en del av dette arbeidet med i den målform det er skrevet.
Av -vik og -bukt namn har vi fleire. Namn som fortel om naturforholda på staden:
Molvika (måll vika). Namnet har vika fått av rullesteinane som ligg i fjæra. Førsteleddet kjem av gammelnorsk «mol, rullesteinar i fjøra» (Norsk namnleksikon) Nordavinden står godt på her og fører med seg bårar som slår mot steinane.
Kolvika (kåll vika) ligg i Forranessan. Den ligg mellom Forranesset og Stokkvika. Det blir fortalt at den torva dei stakk der var så god at ho var mest som å brenne kol. Namnet skriv seg truleg frå det. Kildbukta. Namnet kjem av at det ligg ei kjelde litt oppfor bukta. Kjelden har aldri vore tørr.
Djupvika (ju:vika) ligg sørst i Blokken Utanfor fjæra er det ganske djupt. Det kan vere ei forklaring på namnet, men her kallar vi det for «Juvika». Noko som kan skrive seg frå ordet «juv». Rett ovanfor garden er det eit juv. Det liknar på den måten vi seier namnet her.
Nokre namn som viser til bruk av sjøen:
Skjellbukta. Bukta ligg i Djupfjord. Den ligg mellom Straumnes- et og Sjåneset. Namnet kjem av at dei grov skjell her. Dei brukte skjell til agn.
Makkbukta (makk bokta) ligg i Inner hamn. Her kjem det ut ein bekk og der er fin sandbotn. Dei grov fjæremakk til agn og staden har fått namn etter det.
Eg har berre funne to namn på -hamn:
Innerhamn og Ytterhamn ligg i Blokken. Som namna fortel er det gode hamner her. Mange båtar søkte ly for uveret her. For nokre år siden var det tørnringar på Kleksøya og på Blokkskjeret slik at båtane hadde ein sikker plass å fortøye. Det er vel den gode ham- na som er ein av grunnane til at Blokken skipsverft blei lagt her.
Nokre namn som fortel om gamal busetjing:
Erlandsbukta. Ein mann som heite Erland skal ha budd her ein gong i tida. Ein har funne tufter etter hus her. Bukta ligg på nord- sida av Djupfjorden.
Amundvika ligg mellom nordste og sørste Forranesset. Her har ein og funne tufter etter hus. Truleg heit han Amund han som budde der. Børsbukta. Eg tek med namnet her sjølv om eg er i tvil om kva opp- havet til det. Namnet kan komme av namnet Bør. Ein kunne tru at her har budd folk ein gong i tida, men her er ikkje funne tufter
Forrige sider: Nordlys og stjerneklar himmel over Forrahaugan.
Kart med navn i utmarka er laget av Idar Nilsen. Kartet er opprinnelig tegnet for Sortland bygdebok, del 5.
255



















































































   254   255   256   257   258