Page 254 - Blokken og Djupfjord
P. 254

 NATURNAVN I UTMARKA
FRA NY OG GAMMEL TID AV ANN ELISE STRØM
Eg har lagt vekt på å få med namn som folk har brukt gjen- nom tidene, men som held på å bli gløymnde. I gamle dagar var folk avhengige av det som jorda og havet kunne
gje. Dei samla tang i fjæra, skar ris, torva og slo gras der det var mogleg for å brødfø seg og sine. I dag er levemåten heilt foran- dra. Folk har ikkje bruk for naturen på same måten som før. Dei brukar naturen hovudsakleg til rekreasjon. Dei har ikkje det same forholdet til namna som dei gamle hadde. Dei veit ikkje korfor Grindsletta blei kalla så. Dei seier like gjeme berre sletta når dei snakkar om staden.
Eg har tatt med namn som framleis vil bli brukt, men som for dei fleste har eit ukjent opphav.
BUKTER OG VIKER
Kystlina har, som ein ser av kartet mange små innskjeringer av havet. Lengda, breidda og djupna innover i landet synest å vere
avgjerande for kva slags sisteledd namnet har.
Vi har namn på -bukt, -vik, -bog og -våg. Ei vik er smalare enn
ei bukt. Namnet -bog vert nytta der det er eit breitt, bua lite inn- skore strandstykkje. Vågen er ein djupare innskjering i landet, ei god hamn for store båtar.
Av -våg namn finn eg berre eitt her i område.
Langvågen ligg på sørsida av Djupfjord, litt ute i fjorden. Det renn ein bekk ut i vågen, Langvågbekken. Ytst i vågen er det brådjupt, men indst er det fin sandbotn. På fjæra sjø ligg om lag 70–80 m av sandfjæra oppe. I gamle dagar gjekk dei inn med båtane når det var flo og lot båtane felle tørr på fjæra sjø, slik at dei kunne skrape, smøre og reparere dei.
253






















































































   252   253   254   255   256