Page 257 - Blokken og Djupfjord
P. 257

 etter hus. Ei anna forklaring er at namnet er av samisk opphav. Odden ytst på nesset ser ut som ein gamaldags skinnpung og nam- net kan da komme av det samiske ordet for «pung». Det heiter på samisk «boursa». (Viester-alas). Ei tredje forklaring kan vere at dei fekk god bør når dei kom utenfor oddane.
Namn som fortel om naturtilhøva på landet ovanfor:
Einhaugbukta ligg rett under Einhaugen. Lia ovanfor er kledt med einer. Staden ligg på nordsida av Djupfjord.
Storjordbukta ligg på sørsida av Djupfjord. Ovanfor ligg det ei stor åpen slette. Det vaks gras på sletta og folk her slo graset. Bukta ligg på sørsida i Djupfjorden.
Av namn som har dyrenamn som førsteledd har eg funne eitt: Kobb-bukta ligg i Djupfjord, innafor Snolkneset. Kobben brukte å ligge her. Rundt år 1900 var det mye kobbe her. Staten gav fisker- ne tilskot for å kjøpe børser slik at dei kunne skyte selen.
Eg tek med eit namn som eg ikkje kan finne nokon forklaring på: Stokkvika. Eg har spord mange gamle folk om dei veit kva namnet skriv seg fra, men ingen kunne gje meg svar på det.
256




























































































   255   256   257   258   259