Page 258 - Blokken og Djupfjord
P. 258

  Foto: Frank Olsen
Her er funne tufter etter gamal busetjing, men namnet er truleg av nyare dato. Rikard Jakobsen kjøpte eigendomen i 1903. Han byg- dehus og fjøs her. Det er truleg han som har lagt namn på staden.
NES OG ODDAR
Storsteinneset ligg ytst i Djupfjord, på nordsida. Namnet har neset fått etter den store steinen som ligg her. Steinen er nokså rund i formen og om lag 5 m høg. Under steinen, på «baksida» av steinen ligg to mindre steinar og liksom skorer opp steinen. Her kan ein
ofte høre oteren leika seg om våren.
Breineset ligg og i Djupfjord. I gamle dagar hadde folket på Straum- neset seterdrift her. Det blir fortalt at huldra hadde tilhald på ne- set. Dei såg huldra og ungane hennar rettsom det var.
Langneset ligg mellom Sjåneset og Breineset.
Namn som forteller om gamal bosetjing:
Sjåneset ligg på sørsida av Djupfjord. Ein har funne tufter etter hus her.
Desse namna fortel kor neset/odden ligg:
Molvikneset ligg sør om Molvika, mellom Straumneset og Mellomneset. Straumneset ligg ytst i Djupfjord. Det stikk ut der fjorden er smalast. Det er eit rev mellom Straumneset og Notberget. Når sjøen fell og flør blir det ganske sterk straum i sjøen utanfor her. Namnet kjem sikkert av det.
Forraneset ligg i Forrahaugan. Det veks forra i haugan ovanfor ne- set. Nokre av dei eldste trea skal vere fleire hundre år gamle. Kolvikodden blir og kalt for Sørste Forraneset.
Blokkneset ligg mellom Blokhamn og Djupvika.
Vi har og en del namn som ender på -klubb. Nes som ender på – klubb har ei særskilt form. Dei har et eide eller hals inn mot land og ender i en haug som går rett i havet.
Skarvklubben ligg mellom Innerhamn og Ytterhamn i Blokken. I gamle dagar var det mye skarv som heldt til her.
Kildklubben ligg sør for Kildebukta.
Klubben ligg i Djupfjordbotn. Her var det hulder i gamle dagar. Mange gamle eg har snakka med fortel at foreldra og besteforel- dra deira såg huldra her. Ved Nervatnet i Blokken er det også ein klubb, som har same namnet, og ved Storvatnet har vi Klubben og Litjklubben.
257

















































































   256   257   258   259   260