Page 267 - Blokken og Djupfjord
P. 267

Her skal ein gong ei samejente ha drukna seg. Ho og ein bonde- gut var glad i kvaranner. Dei ville gifte seg, men familien hans ville ikkje vite av jenta. Det seiest at ho går att her ved vatnet. Det er fleire som skal ha sett ho.
Trangsmuget (trongsmåje) heiter ein stad ytst i Djupfjord. Det er berg som ligg tett atmed kvarandre. Det blir eit lite skar mellom berga. Her gikk kyrne til og frå beite. Ho Ellen hadde vore i marka og henta kyrne. Ho merka at kyrne var urolige. Ho skjønte at det var bjørn i ferda. Ho jaga på dei alt ho vann. Da dei var kommet til Trangsmuget var bjørnen like i helane på dei. Ho visste ikkje si arme råd. Kva skulle ho gjere no? Ho tok av seg treskoan. Tok dei i nevene og hytta og trua bjørnen. Ho ropte og skreik alt ho var god for. Bjørnen bråstoppa så «sjettfokket» stod om han, men han snudde og lunta sin veg. Ho Ellen berga seg og buskapen den gongen.
Rokk-revva ligg om lag midt oppe i Brokløistinden. Når det regnar renn det ein liten bekk ned i kløfta. Når det bles sydvestkuling kjem ikkje vatnet ned i kløfta, men bles rett tilvers og renn ned på sørsida. Vi seier da at det er trollkjerringa som kokar kaffe.
Eg tek med ei forteljing fra den tida ei slo i Ingelsfjord. Det var mange frå Straumen og Blokken som var med.
Når dei hadde slie graset i liene, putta dei graset i snøresekkar, slik at det blei som ein stor ball. Dei rulla høyballen nedetter lia til fjæra, der dei tok dei opp i båtane. Det hende nok at ein og annan ball fôr på havet.
Ein gong ville han Petter Jakobsen, eller Petter «Stokk» som han blei kalla, gjere eit «tjuvstykkje» med han Johan i Straumen. Johan undra seg på korleis høyballane stoppa. Han Petter sa at dei måtte stå i fjæra med ryggen åt lia for å ta imot ballen når han kom. Då første ballen var klar stelte Johan seg opp, krøykte ryggen og ropte at han var klar. Dei sendte ballen nedover. Den kjem susande og treffer Johan i ryggen så han dett overende og blir liggjende. Høyballen sprett tilvers og fer langt bortover havet. Til alt hell gjekk det bra med han Johan, men han Petter låg «lavt i terenget» etter dette.
266




























































































   265   266   267   268   269