Page 265 - Blokken og Djupfjord
P. 265

’dag’ og «-bar»= -var(re) = fjell. (Viester-alas). Når sola kjem om våren, ser folket i Djupfjord den, for første gong om morgonen over Beibaren. Ut over dagen ligg Beibaren i skuggen av Kam- man. Vatnet har fatt namn etter området det ligg i.
Kamvatnet ligg nedafor fjellrekkja Kamman.
Rundvatnet ligg i Norddalen. Namnet fortel om formen på vatnet. Langvatnet ligg og i Norddalen. Vatnet er langt og smalt. Storvatnet er det største vatnet. Vatnet blei regulert i 1952. Det var eit godt ørretvatn før reguleringa. Det går røyrgate og tunellar mellom Trivatnet, Beibarvatnet og til Storvatnet. Det kom røye frå Trivatnet. Røya var fanga i Blokkelva og sett ut i Trivatnet. Hallskogvatnet ligg på Djupfjordsida. Det ligg i Hallskogen. Litj-vatnet ligg på Brokløissida i Djupfjord.
Namna på vatna i Blokken:
Nervatnet ligg berre 10-11 meter over havet.
Innervatnet ligg berre nokre få meter høgare enn Nervatnet. Trivatnet ligg øvst av det vi kallar Blokkvatna. Tre mindre vatn lig- ger i tillegg under foten av Snytindan, dei kallas 4., 5., og 6.-vatna i Blokkendalen.
Vatn og tjørn mellom Djupfjord og Blokken. Alle ligg i Forrahaugan. Hesttjønna har fått namnet etter ein hest frå Straumen gjekk gjen- nom isen og drukna.
Mellatjønna ligg mellom Hesttjønna og Lomtjønna.
Lomtjønna har fått namnet etter fuglen, lom. Før i tida var det mykje lom som hekka ved tjørna. Tjørna blei kalla for Sørtjønna av folk i Djupfjord.
Teinvatnet Namnet kjem truleg av namnet på fuglen terna. Det er mykje terne som hekkar rundt vatnet. Eg har spurt mange av dei eldre her om dei brukte fisketeiner i vatnet, men ingen kan hugse at dei brukte det her. Men ved Teingården i Nervatnet brukte dei teiner.
NAMN SOM FORTEL OM FINNEBUSETJING I BLOKKEN Kor langt tilbake i tida det har budd samer her er vanskelig å finne ut, men i Djupfjord er det funne tufter etter finne- (same) busetjing.
Dei eldste skriftlege kilder ein kan finne om finnebusetjing er eit missire frå 1609, skrevet av lensherre Hartvik Bille. Han skriv:
264






















































































   263   264   265   266   267