Page 266 - Blokken og Djupfjord
P. 266

«I Loffoden Westerollen och Anden Er ochsaa finder...». Det had- de før vert gjort forsøk på å registrere finnene i området, men fogeden i Lofoten, Tysfjord forbød dei daverende lapper å betale skatt til kongen i Sverige.
I 1591 seier Gert Randzaus til Axel Gyldenstierne at: «I Lofoten eller i det hele taget i Gert Ranzaus len findes ikke lapper eller har boet noen fra Verdens begyndelse.» Foged Henrik Hansen i Vest- erålen skriv: «...Thette len er affskyldt fra lapper og finder saa her er ingen aff dette slags folck och ei konngenn aff Sverigee haffuer fangidt her aff dette len saa goot som enn skjerff y alla syne dage, ther jeg wedt at sige». Fogedens utsagn står i sterk motsetnad til H. Bille si erklæring av 1609. Dette kan tolkast to veger. I 1591 var det ikkje finner her i området. Dei finnene Bille talar om kom hit i åra 1590 til 1602. Eller det var finner her, men fogeden ville ikkje nemne dei slik at dei finnene Bille talar om hadde allereie budd her lenge.
I ekstramanntallet 1762–63 finn vi at det budde 15 finner/ samar over 12 år i Djupfjordbotten. (Desse opplysningane har eg funne i «Viester-alas»). Kor blei det av desse folka som budde her? Det er mest truleg at dei gifta seg med dei «fastbuande», og tok til å dyrke jorda.
Vi har ein del namn som skriv seg frå den tida det var finnebusetjing her. Snolken ligg i Djupfjord. Snolken er ein fjellnase som skyt seg framover ei myr. Den er flat oppå, men stupbratt fremst.
Beibarn er eit fjellparti i Djupfjordalen.
Finnstein ligg neda for Brennstein i Blokken. Det er ikkje påvist at det har budd finner i Blokken, men namn som Finnstein kan tyde på at det budde finner her og.
Finnstøa ligg på utsida av valen mellom Gårdsøya og land. Reingjerdet ligg i Blokkendalen, på Eidet mellom Nervatnet og Innervatnet. Her brukte finnene frå Kanstad å samle reinen sin. Her samla dei reinen når dei skulle slakte og merke den.
Eg har teke med nokre namn som det er knytt små historier til. Nokre histo- rier er om gamal overtru og andre fortel om dagleglivet før i tida. Linavasken blei klesvaskarplassen kjerringane brukte om somma- ren kalla. Her vaska dei, prata om laust og fast og kokte kaffe. Kjerringa som budde nærast plassen heite Eline.
Svartdalsvatnet ligg på sørsida av Blokken, eit stykkje opp i fjellet. 265


























































































   264   265   266   267   268