Page 261 - Blokken og Djupfjord
P. 261

Sjokoladesteinen ligg ved ungdomshuset. Namnet er av nyare dato. 17. mai og St-Hans aften brukte dei å koke sjokolade til ungane.
ØYAR OG HOLMAR
Eg har teke med namna på holmane i området. Folk slo graset og sanka egg på holmane. Dei skaut sjøfugl som alke, skarv og teiste. Dei jakta på kobbe og nise. Dette syner kor avhengige dei var av
alt som naturen gav.
Eg tek namna i rekkefølge frå Djupfjord til Blokken:
Holmen ligg i Storjordbukta. Den er ganske høg og det veks forra og gran der.
Litj-øya ligg utafor Stokvika. Mellom øya og land er det ei god hamn for enkelte verslag. Øya har mykje fint gras og folk frå Stokkvika slo graset. Måsar og terner hekker på øya.
Gårdsøya er knytt saman med fastlandet med ein val. I 1923 blei det bygd ein gangveg av stein over valen, da ekspedisjonskaia blei bygd. Øya er felles grunn. Her var det naust. Kyrne beita på øya. «Masterbukken» lå på «innsida» av øya. Der var det så djupt at store segelbåtar kunne leggje til. Dei brukte masterbukken til å heise opp mast og segl frå skutene.
Kleksøya ligg rett utafor Gårdsøya. Dei er berre skilt av eit smalt sund, Øysundet. På gamle kart står det «Klikkø». I gamle dagar kalte dei ørna for «kleksa». Ørna har laga seg tuve, øvst på øya, og ein kan sjå ho sitje der. Namnet kjem nok av det gamle utnamnet på ørna. Blokkskjeret ligg i innløpet til Ytterhamn. Det er planta ei gran på skjeret.
HAUGAR, HEIER OG TINDER
Som nemnt i innleiinga er Blokken omgjeve av høge fjell og terren- get er kupert. Eg tek med namna på fjelltoppane, sjølv om dei ikkje
står i fare for å bli gløymnd, slik som mange av dei andre namna. Namn på -haug, -hei og tind kan ein gruppere etter naturfor-
holda på staden, utsjåande og etter kor dei ligg.
Namn som fortel kor -haugen, -heia eller -tinden ligg:
Brokløistinden blir og kalla Stortinden.
Setertinden blir og kalla for Litj-tinden av folk i Djupfjord. Den ser mindre ut enn Stortinden når ein ser den frå Straumen. Den er litt høgrare enn Stortinden. Det var seter i Djupfjord heilt til i 1959.
260


















































































   259   260   261   262   263