Page 262 - Blokken og Djupfjord
P. 262

Djupvikheia ligg ovafor Djupvika. Storhamnhaugen ligg ovafor hamna i Blokken. Botnhaugen ligg på Djupfjordsida i Botten.
Namn som fortel om naturforholda på standen:
Einhaugan ligg ytst i Djupfjord, på Brokløyssida. Heile lia og hau- gen er kledd med einer.
Forrahaugan kallas haugane mellom Blokken og Djupfjord. Det veks furu her. Mange av furuene er svert gamle.
Asphaugen ligg ovanfor Stokkvika.
Risskarhaugen ligg i Blokken. Her brukte dei å skjere ris til buska- pen.
Steinheia kalles den heia som ligg oppafor Forrahaugan.
Namn som fortel korleis haugen, heia og tinden ser ut:
Kamman kalles ei tinderekkje. Det er tett i tett med spisse toppar, omlag som tindene på ein kam.
Kleftertinden er høgste punkt på Kamman. Tinden er delt opp i fleire djupe kløfte.
Grønntinden ligg i fjellrekkja som skil Blokken og Fiskfjord. Tin- den er gras- og mosevokst helt opp på toppen.
Rødtinden har fått namnet etter den raude bergsorten som er her. Fugelen ligg rett ovanfor Mønndalsvatnet. Frå Blokken ser fjell- toppen ut som en fugl.
Vengen ligg rett nedafor Fuglen.
Vi har og namn som fortel om mattider:
Durmålsheia kalles den heia som strekkjer seg frå Steineia og ind- ste Bjørnskaret.
Middagstinden ligg mellom Mønndalen og Svartdalen.
Vasstinden som ligg innafor Svartdalen. Kva namnet skriv seg fra veit eg ikkje, men det kan kanskje ha noko med gamle verteikn å gjere. Tinden kan og ha fått namnet av de den ligg om lag midt ovanfor Blokkenvatnet.
Vasshetta er ein fjellknufs som ligg attmed Vasstinden. De ligner på ei hette. Det er ei revne i «hetta». Den blir større og større for kvart år. Ein dag blir den vel til å rause utfor og i vatnet. Grindhaugen heiter den haugen der Dagny Larsen, Gunnar Peder- sen m.fl. bur. Her var det grindar i gamle dagar. Dei måtte ha buskapen inngjerda for å verne han mot bjørnen.
261
















































































   260   261   262   263   264