Page 264 - Blokken og Djupfjord
P. 264

Fagerbakken finn vi både i Blokken og i Djupfjord. Namnet kjem av dei fine blomane som veks i bakkane.
Musbakkan ligg i Blokkendalen. Det er ei fin grasli som blei slått. Kva namnet skriv seg fra veit eg ikkje, men det kan jo vere at det har vore mykje mus her.
Blokkendalen heiter det dalføre som går frå Blokken og heilt opp til Løbergskaret, som er grensa til Kvæfjord.
Djupfjorddalen startar i Botn og ender og i Løbergskaret. Blokken- dalen og Djup.fjorddalen møtest her.
Norddalen er ei avgreining av Djupfjorddalen. Dalane deler seg ved Storvatnet. Norddalen tilhøyrer Brokløisa.
Ånedalen er ein annan sidedal i Djupfjorddalen. (Se Ånesteinen.)
Blokkendalen har og sidedalar:
Rukkebekkdalen heiter ein av dei. Den ligg ovafor Ner-vatnet. Nam- net kjem sikkert av g.no «rukka» -rynke eller fold» (Norsk Stad- namnleksikon). Dalen ligg på nordsida.
Svartdalen ligg på sørsida av Nervatnet. Namnet kjem truleg av at det veks lite grønt i dalen.
Strielvdalen går i austlig retning fra Djupfjord. Vatna i dalen er re- gulerte. Ein liten kraftstasjon ligg inne i fjellet nede ved fjorden.
Fleire namn fortel om at det var bjørn her i traktane:
Indre Bjønnskaret ligg mellom Kleftertinden og Durmålsheia.
Ytre Bjønnskaret ligg mellom Steinheia og Heia. I desse skara van- dra bjørnen når han skulle frå den eine dalen til den andre. Dei gamle fortel at marka var hardtrampa og svart etter alle bjørnane. Ved Innervatnet er det og eit Bjønnskar. Der gikk bjørnen når han skulle til og frå Fiskfjordmarka. Ei tid var det så mykje bjørn her at dei måtte ha sau på beite på Langøya.
VATN OG TJØRN
Det er mange vatn og tjørn i fjella. Namna på dei store vatna vil nok bli hugsa, men namna på dei små tjørna kan lett gå i «gløy- meboka». Ungane på garden veit i alle fall ikkje namna, om ein
spør dei.
Namna på vatna i Djupfjorddalen:
Beibarvatnet ligg i området under Kamman. Namnet er truleg sa- misk. Det kan skrive seg frå det samiske sol = «bæiv» (v)e, ‘sol’
263
















































































   262   263   264   265   266