Page 263 - Blokken og Djupfjord
P. 263

Grindsletta i Djupfjord fortel og om hjørneplagen. Om hausten, når det begynte å bli mørkt låg mannfolka på «grindvakt».
LIER, BAKKER OG DALAR
I gamle dagar slo folk kvart eit strå der det var mogleg å komme til. Dei trong kvart strå for å livberge seg og sine. Folk frå Djup- fjord rodde 3,5 mil, heilt til Ingelsfjorden for å slå. I Djupfjord slo
folk frå Brokløisa. Dei åtte sørsida av fjorden.
Slåtteliane fekk, i mange høve, namn etter dei som slo der, eller
kor liene låg eller korleis dei såg ut.
Liene i Djupfjord ligger sørvendt og blei tidleg snøbere og
grøne. I Blokken slo dei liene i Blokkendalen. Dei førte rågraset ned til bygda og tørka det der. Det blei veldig tungvindt. Så dei bygde seg løer på Eidet og tørka graset i dalen. Høyet førte dei ned om vinteren, over isen.
Namn som fortel kven som slo liene:
Ol Knutsalia. Ola Knutsen frå Brokløisa slo lia.
Inger Hanstelia. Inger Hanste var datter til Hans i Brokløisa. Ho var enke. Det vert fortalt at ho fekk nok for til ei geit av graset ho slo her.
Namn som fortel kor liene ligg:
Botnlia ligg indst i Djupfjord. Lia er bratt og uførat så denne lia blei nok ikkje slått.
Strielv-lia ligg på nordsida i Djupfjorden. Her veks det fint gras, men om nokon slo her veit eg ikkje. Øvst i lia der lia går over i da- len er det ei fin grasvokst slette. Det seies at denne sletta blei slått, men kven som slo ho, veit eg ikkje. Om lag her var det at nokon av dei siste bjørnane på Hinnøya vart skotne. Namnet på lia og dalen kjem av elva som renn frå vatnan.
Namn som fortel korleis lia ser ut:
Langlia ligg utafor Botnlia. Lia er steinete og bratt. Den strekker seg nesten fra toppen av Litjtinden og ned i fjæra. Her rullar det stadig ned stein.
Rundlia ligg utafor Langlia. Lia er steinete så den blei nok ikkje slått.
Det er berre eit namn som fortel om kva slags vekst ein kan finne: Tortenbakkan ligg i Blokkendalen. Det veks mykje turt her. (Turt er ein korgblomstra plante med blå blomar; Cicerbita alpina ).
262
















































































   261   262   263   264   265