Page 260 - Blokken og Djupfjord
P. 260

Namn på -berg og -stein som har dyrenamn som førsteledd.
Kobbstein ligg i Djupvika. På denne steinen samla kobben seg. Der ligg den og soler seg på fine dagar.
Dagrossteinen har fått namn etter ei kviga som forulykka. Geitberget ligg i Blokken, litt innafor Randimyra. Før i tida hadde dei fleste geiter. Dei måtte passe på geitene slik at bjørnen ikkje skulle ta dei. Dei jaga geitene over Geitberget, til lia ovafor. Der var dei ganske trygge for bjørnen.
Varghella er eit lite berg nede i fjæra i Storjordbukta. Her tok var- gen ei kviga for om lag 100–150 år sidan.
Her finst steinar som folk har brukt til bustad til ulike tider:
Ånesteinen ligg på nordsida av Storvatnet. Under steinen er det ei hule. Der budde bjørnejegeren Åne, når han var på jakt i Djup- fjorddalen. Under steinen ligg det ein del bjørnebein. Folk har skrevet namnan sine på dei, men dei har og teke med seg nokre av beina.
Martin Nilsa-steinen ligg på nordsida i Blokkendalen. Martin Nil- sen budde under steinen når han slo gras til buskapen.
Namn som truleg fortel om gamal overtru:
Trollbusteinen ligg på nordsida i Blokkendalen. Når dei jaga sauene og gjeitene på beite måtte dei gå forbi steinen. Under steinen er det ei lita hule. Her budde Huldra og trolla. Det kan jo tenkjast at dei voksne brukte staden som skremsel for ungane slik at dei ikkje gjekk til vatnet. Bjørnen tok ein gong ein sau som lamma her. Ho som gjette sauene blei «forbarska» og tok tak i saueskrotten og reiv den frå bjørnen. Dei hadde ikkje så flust om mat at dei hadde noko å gje bjørnen.
Trollsteinen ligg om lag rett opp av Mellomneset.
Brennstein er ein diger stein som ligg midt i bygda. Denne digre steinen har truleg vert med på å gje bygda namn. (Stein-blokk). Nokon meiner at namnet skriv seg fra at det ein gong var ein var- de på toppen av steinen. Dette er lite truleg, fordi steinen ligg slik til at ein berre kan sjå den frå eit avgrensa område. Brennnamnet kan kanskje ha noko med korleis den første jorda blei rydda. Slik er liknande namn tyda i dei oppslagsverka eg har hatt tilgang til. Litj Blokka ligg attmed skolen. Denne steinen er mykje mindre enn Brennsteinen.
259























































































   258   259   260   261   262