Page 259 - Blokken og Djupfjord
P. 259

Namn som viser til bruken av staden:
Stornaustodden ligg på Gårdsøya. Gårdsøya var felles grunn og her hadde dei nausta sine.
STEIN OG BERG
Eit særtrekk i landskapet er alle dei store steinane som ligg rundt på markene, i fjæra og i skogen. Dei skriv seg vel frå istida. Mange
av desse steinane har namn etter bruken.
Namn knnytt til bruken:
Notberget er eit glatt avrunda svaberg. Det er djupt utafor berget. Båtane la til berget for å få på land nøtene. Dei tørka og bøtte dei på berget.
Kuberget ligg på Brokløyssida, rett innafor Notberget. Her tok dei om bord kyrne som skulle til Botn på setra.
Kokstein kallast ein stein som ligg i Blokken. Her brukte kvinn- folkan å koke kleder. Under siste krig, kokte dei såpe ved denne steinen. Kokstein = bryggjestein (Shøtt, Norsk ordbok).
Namn som fortel korleis steinen/berget ser ut:
Forkleberget ligg i Brokløistinden, om lag midt oppe i fjellet. Her har det truleg gått eit ras ein gong i tida. Det har etterlate seg eit bert firkanta stykkje, som ser ut som eit forkle med folder i. Feskfatet ligg rett i støa på Straumneset. Steinen kjem opp på fjære sjø. Da brukte dei å gjere til fisken her. Steinen ser ut som eit kvelva fat. Brattberget ligg i Djupfjord. Svarte flåg går rett i havet.
Sukkerstein ser ut som ein gamaldags sukkertopp, slik dei måtte bruke sukkertang på, for å få laus ein bit av. Steinen ligg rett uta- for huset til Karl Strøm.
Blankbergan ligg ovafor Randimyra i Blokken. Det veks ikkje noko på berget. Det renn vatn frå lia ovafor nedover berget slik at det skin i sola.
Holmdrangelen ligg på Holmen. Ordet «drangelen» blir forklart slik i Schjøtt si ordbok: «smalt klipperev eller tange som stikk ut i sjøen». Det er det einaste namnet av dette slaget eg finn her.
Om verforholda på staden fortel namnet:
Blåsberget er eit bratt berg i Djupfjord. Vinden tek godt her. Det danner seg kvervelvind som tek havet opp i «rokkarar». Om vinte- ren er det mykje snøfokk her.
258


















































































   257   258   259   260   261